Interaksjons- / web-designer – Vik i Sogn

An English version of this job listing can be found here

Highsoft er eit verdsleiande føretak innan for datavisualisering, med hovudkontor i Vik i Sogn.

Me søkjer etter ein designer som kan vere med å vidareutvikle og implementere form, farge og innhald på selskapet sine nettsider og digitale applikasjonar, produkt, tenester samt marknadsføring og reklamekampanjar.

Stillingsinnhald

  • Vidareutvikle design på alle nettsidene og integrasjon mot webshop og kundeportal.
    Produktdesign på produktporteføljen.
  • Interaksjonsdesign med fokus på UX og UI, AB-testing og merkevarebygging.

Vi søkjer ein person som har desse eigenskapane

  • God teknisk innsikt og forståelse for interaksjonsdesign og digitale flater.
  • Kreativ, men trivst også med rutineoppgaver.
  • Erfaring med HTML og CSS. Kan du JavaScript og PHP er det eit pluss.
  • Komfortabel med foto og video.
  • Erfaring med reklame/marknadsføringskampanjar, design og tekst.
  • Erfaring frå: web -, produkt- og informasjonsdesign samt implementering.

Søknad

Venlegst send CV’en og link med eksempel av arbeidet ditt til Vidar Brekke CMO, [email protected]