Highsoft søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt

Highsoft AS er lokalisert i Vik i Sogn. I dag er det 25 tilsette som jobbar med programmering, sal og administrasjon. I tillegg har vi eit teknisk supportteam i Krakow.

Då Highcharts vart lansert i 2009, var dette eit av dei første diagramverktøya utvikla i HTML5 som gjorde det lett for webutviklarar å publisere diagram utan å vere avhengig av Flash-teknologi.
Aukande bruk av smarttelefonar og nettbrett har ført til stor etterspurnad etter programvare i HTML5. Highcharts vart eit populært diagramverktøy mellom anna fordi det har eit godt utvikla grensesnitt.

I februar 2017 har Highsoft seld lisensar til over 80 av dei 100 største selskapa i verda.
Highsoft er marknadsorientert og nye funksjonar og produkt vert utvikla basert på tilbakemeldingar frå den globale marknaden.

Er du dyktig på?

  • Webutvikling
  • Sal mot internasjonale kundar
  • HR og administrasjon

Då vil vi gjerne at du søkjer traineestilling hos oss.

 

Som trainee i Highsoft får du jobbe i

  • Eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø
  • Eit internasjonalt selskap
  • Ei bedrift i vekst

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg

Hovudarbeidsstaden er i Vik i Sogn.

Tilsetjing: august 2018 til august 2019
Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon: Anne Jorunn Fjærestad, tlf: 99 19 19 38, e-post: [email protected]

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.