Vi har eit ledig ettårs-vikariat som Controller. Du er ein dyktig analytikar som formidlar talldata på ein forståeleg måte og gir beslutningsgrunlag for å nå vår strategi om auka sal og vekst. Du vil få ei brei kontaktflate internt i organisasjonen og ha ansvar for blant anna styringsinformasjon, rapporteringsstøtte og avviksoppfølgning.
Dine oppgåver
- Rapportering og prognosearbeid
- Analyse av inntektsmodell og sal
- Internkontroll knytt til sal og GDPR
- ISO-sertifisering og kundeportalar
- Kontinuerlig videreutvikling av prosesser og rutiner
Kven er du?
- Ein målretta analytikar som tilegnar seg ny informasjon raskt og ser korleis den kan brukast i ein større samanheng
- Har auge for detaljar med god gjennomføringskraft
- Kan planlegge, organisere og prioritere eigne oppgåver og tid
- Har høgare økonomisk utdanning eller tilsvarend.
- Ynskeleg med nokre års erfaring med liknande oppgåver
Kva kan vi tilby deg?
- 100 % vikariat i eitt år med mogletheit for fast tilsetting dersom auka arbeidmengde
- Konkurransedyktig løn
- Arbeidstid med fleksitidsordning
- Moglegheit til å delta på kurs og konferansar
- Avslappa arbeidsmiljø i moderne kontorlokale
- Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med
- Kort veg til fjord og fjell
Ta kontakt med [email protected] for meir informasjon om stillinga eller søk her innan 10.januar.