Highsoft Idrettsstipend

Highsoft er stolt over all den aktiviteten som vert gjort i Vik Idrettslag. Selskapet ynskjer i tillegg til å sponse Vik IL, å gje støtte til unge idrettsutøvarar frå Vik kommune. Difor har bedrifta oppretta eit årleg stipend som skal premiere oppnådde resultat, stimulere til vidare utvikling av talent og engasjement.

Stipendet skal premiere oppnådde resultat og stimulere til vidare utvikling av talent og engasjement.

Me ynskjer på denne måten å bidra til å skapa gode forbilde, inspirere og hjelpe enkeltutøvarar til å satse vidare innan sin idrett, både innan lagidrett og individuell idrett.

 

Søknad

Kven kan søkje?

Alle aktive utøvarar innan både lagidrett og individuell idrett som kjem frå Vik kommune eller som er medlem i eit av idrettslaga i kommunen og som minimum er 16 år i løpet av søknadsåret.

Kva kan stipendet brukast til?

Det er viktig at utøvaren har ein plan for vidare satsing og at stipendet kan vere ei støtte til eit steg vidare på vegen. Idrettsstipendet kan brukast til treningsopphald, deltakaravgifter, utstyr, reiseutgifter og andre idrettsfremjande aktivitar.  Søknaden må ha ein god plan for bruk av stipendet og ein kort tekst om kvifor akkurat du søkjer.

Kven kan få stipend?

Highsoft vil dele ut fleire stipend dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar.
Alle som får stipend, må vere villege til å profilere Highsoft med logo og fotoppdrag etter nærare avtale.

Søknadsskjema for 2018 er enno ikkje lagt ut.