Trainee innan webutvikling, Vik i Sogn

Highsoft er gründerselskapet bak Highcharts – eit av dei leiande diagramverktøya for webprosjekt. Highcharts vert brukt av kundar over heile verda for å skape moderne datavisualisering med interaktivitet og dynamikk på internett. I tillegg har Highsoft utvikla Highstock for finans og Highmaps for kartdata. På kundelista vår har vi namn som Facebook, Twitter, Yahoo og Visa.

Highsoft har kontor i Vik i Sogn med 21 tilsette.  Vik er ei fin vestlandsbygd med mange  idretts- og friluftsaktivitetar,  og det er berre 10 minutt frå fjord til fjell.

Arbeidsoppgåver:

Som trainee i Highsoft vil du:

  • Jobbe med JavaScript og andre webteknologiar
  • Vedlikehalde og vidareutvikle Highcharts sin produktfamilie
  • Jobbe med tekniske støttesystem

Utdanning, erfaring:

  • Bachelor – eller mastergrad innan informatikk, informasjonsteknologi, datateknikk eller tilsvarande
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God engelsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Viss du har spørsmål, kan du ta kontakt med eller Anne Jorunn Fjærestad, [email protected], tlf. 951 91 938.

Arbeidsstad: Vik i Sogn
Løn etter avtale

SØKNAD: Du søkjer på stillingane ved å logge deg inn på din profil på framtidsfylket.no. Har du ikkje profil, må du opprette ein. Dette gjer du her.